I riktig gamle dagar levde vi tettare på naturen, vi var ein del av den. Vi kunne stole på eit teikn i naturen og på innsikter vi sjølve kunne få i samhandling med den. Vi spann forteljingar, mytar og nye verdsforståingar. Vi fann på ritual og festar for å vere nær skapinga av meining, på godt og vondt.

I Utiseta møter vi tre norner, to nissar, ein kvitorm, to perserkattar og eit myrlik som inviterer oss inn i skogen, inn i vår eigen skog. Dei tar oss med på utiseta, for å sjå kva innsikter vi kan finne der.

Sjølve ordet «Utiseta» kjem av «å sitje ute». Det er ein tradisjon frå førkristen tid i Skandinavia for å oppnå djupare innsikt. Ein skulle sitje ute i naturen, gjerne på ein gravhaug nattestid, for å vekke opp troll, kople seg på naturen og dei kreftene som budde der. Ein kunne også ta del i minnet til dei døde, til formødrer og forfedrar, til landskapet med sine mange underjordiske, jordiske og overjordiske rike. Etter kristninga av Noreg blei det forbode å útiseta at vekja troll upp ok fremja heiðni, altså å «sitje ute og vekkje troll og praktisere heidenskap». Om ein blei skuldig i å utføre utiseta, skulle dette straffast med døden.


«Stykket er så mangetydig og rikt at det bør sees flere ganger – med ulike mengder mjød innabords»

— Aftenposten


Varighet: 2 time og 20 min. Forestillingen hadde premiere på Det norske teater 29. oktober 2022. Den ble spilt på nynorsk.